Kiyoshi Yamamoto og Espen Sommer Eide
Se video på Vimeo
Med likskap som tema heldt Kiyoshi Yamamoto hausten 2015 ein serie workshopar under tittelen «Action means reaction» og Espen Sommer Eide presenterte lydinstallasjonen «The Distribution of the Audible». Yamamoto inviterte elevar og tilsette til vera med å lage store fargerike bannarar i silke. Eide er interessert i korleis lyd kan bli brukt både til å kontrollere ei folkemengd og til skape endring. Ut i frå informasjonshøgtalarar samla frå ulike institusjonar, land og folk, kunne ein høyra lyd basert på opptak frå mellom anna støyande fotgjengerovergangar i Kolkata og opprør på Taksim-plassen i Istanbul.