Thomas Pihl: Untitled

Thomas Pihl
Foto: Pål Hoff
Se video på Vimeo

Verket «Untitled» av Thomas Pihl er integrert i inngangspartiet i nord. I eit smalt, høgt rom er det ein farge- og lysinstallasjon, der refleksen av fargen i rommet inngår i verket som strekkjer seg heile elleve meter opp i bygget. Deler av denne søyla av strålande varm farge og lys kan ein sjå frå fleire ulike nivå i bygget. Verket fortel og om endringane som har skjedd undervegs i planlegginga av bygget. Dette høge rommet er ein rest av eit areal som mista funksjon og blei til overs etter at det blei avgjort å teikne om og krympe fellesarealet. Pihl opna det opp og tok det i bruk.

Thomas Pihl: Untitled, 2014 (Akrylmaling på vegg, galvanisert stål, glass, betong og lamper. Realisert i samarbeid med Georg Guntern)
Thomas Pihl: Untitled, 2014 (Akrylmaling på vegg, galvanisert stål, glass, betong og lamper. Realisert i samarbeid med Georg Guntern)

1. etasje

2. etasje

3. etasje