Anja Ulset: Makrellstim

Anja Ulset
Foto: Pål Hoff

Anja Ulset bruker ofte teikninga som ein del av installasjonar eller bokverk. Motivkretsen hennar er vid, og rommar alt frå arkitektur til dyr og menneske. På Amalie Skram har Ulsetteikna opp ein stor makrellstim som svømmer rundt eit hjørne i ein korridor. Dei stiliserte mønstra som brer seg over ryggane deira er ulike frå fisk til fisk. Det er også munnane. Ikkje berre legg denne variasjonen til personlegdom og humør, den kan også sette i gang ein omdanning – ein lågt plassert munn gjer makrellen sitt nebb om til ein haisnute. Det som ved første blikk såg einsarta ut var altså i røynda ikkje det. Og visst symjar fiskane i same retning, men ikkje utan unntak: to av dei har snudd, og beveger seg mot og ikkje med stimen.

3. etasje