Åshild K Johnsen: Planleggingsdag

Åshild K Johnsen
Foto Paal Hoff

I den langstrakte teikninga til Åshild Kanstad Johnsen finn vi eit mylder av gjenstandar, og menneske over geometriske fargefelt. Tette skogar, fjell, og til og med eit par palmer, blandar seg med stablar av oppvask, ein rotete arbeidspult og fleire overdimensjonerte portrett. Denne typen utforskande, hendingsrik teikning har så og seie blitt signaturen til Kanstad Johnsen, slik vi kjenner arbeidet hennar frå ei rekke bildebøker for born. Fleire stader har ho malt innfolk som arbeider med å finna ut av noko. Slik viser ho oss kanskje at forvirring ogfrustrasjon, er viktige deler av oppvekst og utdanning. Sjølv om vi gjerne vil at det skal vere slik er det ikkje alt som kan fastsetjast, for eksempel under ein planleggingsdag, – ofte må vi prøve oss fram for å finne den rette forma.

6. etasje