Kunsten du lever med

Om sju veggteikningar på Amalie Skram videregående skole

Cecilie A. Størkson

For ikkje lenge sidan, på veg mot heimlege trakter, køyrde eg forbi den gamle vidaregåande skulen min. I augekroken la eg merke til ein stor steinskulptur plassert på grasplenen framfor skulebygningen. Eg såg den som for første gong, men i røynda har eg gått forbi den tallause gonger før; kvar skuledag i løpet av dei tre åra eg var elev på vidaregåande. Var den ikkje til og med utgangspunktet for skulen sin logo ein gong i tida? Likevel hugsar eg den meir som ei kjensle enn som ein visuell form; der sto det noko ja, på plenen som vender ut mot hovudvegen, ei ru overflate i gamalrosa. Kanskje hende det at eg nytta den som ryggstøtte, eller som møtepunkt eit friminutt. Men eg trur ikkje eg nokon gong verkeleg studerte den, og det trass i at eg gjekk på formgjevingslinja.


Kunst i gallerirom besøker du. Kunst på skulen lever du med, beveger deg langsmed, møtes ved, ventar saman med. På same måte som veggane, vindauga og trappene, stolane, pultane og tavlene er ofte berre kunsten der, frå ein startar på skulen til ein forlèt den. Kanskje har den innverknad på deg, utan at du nødvendigvis tenker så mykje over det. Men det finst òg skular kor elevane har eit langt meir aktivt forhold til kunsten rundt (el. kring) seg, og Amalie Skram VGS er ein av dei. Veggteikningane som i dag pryder korridorar i kvar etasje av skulen, er eit døme på det. For det første har desse teikningane ikkje ”alltid” vore der, slik som skulpturen utanføre min gamle skule. Dei har vakse fram litt etter litt, framfor auga på elevane. Dessutan har dei som bruker skulen sjølve vore med å bestemme det kunstnariske innhaldet. Frå eit utval kunstnarar har elevrådet fått velje sju til å lage veggteikningar i dei ulike etasjane av Amalie Skram. I løpet av våren 2018 var dei siste teikningane på plass. Og dermed har skulen i dag kunstverk av Kay Arne Kirkebø, Anja Ulset, Simen Langeland, Ida Neverdahl, Susanna Kajermo Törner, Herman Mbamba og Åshild Kanstad Johnsen. Like etter ferdigstillinga vitja eg skulen – med blikket til ein besøkande utanfrå – for å studere dei.

 

Kay Arne Kirkebø – Assembling Cube Arrival / Walkthrough A / Walkthrough B

Kay Arne KirkebøI det som eg først trur er andre etasje, men som på grunn av symjehallen i underetasjen eigentleg er tredje etasje, finn eg arbeida til Kay Arne Kirkebø. Kirkebø har laga tre veggteikningar i svart tusj. Assembling Cube Arrival er teikna for seg sjølv, Walkthrough A og B er plasserte nære kvarandre som to einingar i same serie. Dei visar alle utsnitt av bygningar utan ytterveggar, slik at me kan sjå like inn i trappegangar, heissjakter og bærebjelkar. Nokre menneske ser me og der inne, men dei er små og identitetslause. Fleire av dei heng med hovudet. Slik vekslar bilda mellom å vere arkitektoniske studiar og dystopiske bilete av samfunnet vi lever i.

 Kirkebø, som eg har sett mange arbeid av før, teiknar nesten alltid i isometrisk perspektiv. Det vil seie at teikningane hans ikkje har ei horisontlinje kor alle linjene møtast, i staden jobbar han ut frå eit rutenett kor alle linjene er parallelle, slik at det som er nært og det som er fjernt framstår som like stort. Denne framgangsmåten nyttar han også i veggteikninga si. Resultatet gjer meg smått svimmel, for stundom tykkjer eg at teikninga går innover i veggen, andre gonger er det som ho kjem mot meg. Det er dessutan noko vektlaust over teikningane til Kirkebø. På avstand kan dei faktisk likna satellittar som svevar i verdsrommet. Walkthrough-paret er forresten ankra i veggen med store svarte flater, men Assembling Cube Arrival er ikkje like tydeleg avgrensa. Meir enn eit bestemt bygningssegment viser denne teikninga ei klynge av bygningar, det liknar ein liten by eller ei massiv plattform ute i havet, teikna opp med tynne strekar i ein ekstremt detaljert, men likevel luftig konstruksjon. Alle arbeida har eit svært analytisk preg. Det er som at Kirkebø har plukka frå kvarandre alle bestanddelane i eit byggesett og granska dei nøye.

 På bilda som finst av Walkthrough A og B på skulen sine nettsider, står det eit bord med stolar under kvar eining. Slik såg eg på førehand for meg at elevane kunne sitte svært nær teikningane og få anledning til å studere dei komplekse konstruksjonane på kloss hald. Men desse borda er fjerna når eg kjem for å sjå arbeida sjølv. I staden er det sett opp ein resirkuleringsstasjon på golvet i mellomrommet mellom teikningane. Det hadde kanskje ikkje Kirkebø sett for seg når han valde plassering for arbeidet sitt. På den andre sida stod kanskje ikkje borda og stolane der heller, då han byrja på teikninga. Og slik er det tross alt på skulen, ting står ikkje stille, dei er i bruk og i endring. Kvar gong eg vitjar har noko flytta på seg.

 

Anja Ulset - Makrellstim

Anja Ulset: MakrellstimDette med rørsle har Anja Ulset tatt høgde for i veggarbeidet sitt, som er teikna i same etasje som verket til Kirkebø. Ikkje så mykje med tanke på korleis me flytter på gjenstandar, men meir korleis me sjølve flytter oss rundt. Frå korridoren ved undervisningsrom 337 og rundt hjørnet mot kaffibaren i tredje etasje, sym det ein stim stiliserte makrell teikna med svart tusj. Eller er det makrell? Den som stoppar opp ved fiskane i staden for å bevege seg saman med dei, kan registrere ein variasjon av svarte mønstre som brer seg over dei glatte fiskeryggane. Korleis ser eigentleg makrellstripene ut, tar eg meg sjølv i å tenke. Burde eg ikkje visst det, eg som alltid har budd ved kysten? I alle fall ikkje som kuflekkar, men kanskje litt som tigerstriper eller lynnedslag. Det er ikkje berre mønstra som er ulike frå fisk til fisk, men også munnane: korleis og kor dei er teikna inn, om dei vender opp- eller nedover. Denne vesle tusjstreken gjer underleg mykje for fiskens karakter. Ikkje berre legg den til personlegdom og humør, den kan òg sette i gang ein metamorfose – ein lågt plassert munn gjer makrellen sitt nebb om til ein haisnute. Det som ved første blikk såg einsarta ut var altså i røynda ikkje det. Og visst symjar dei i same retning, men ikkje utan unntak: to fiskar har snudd, og saman beveger dei seg mot og ikkje med stimen. 

Dette er detaljer ein vil merke seg dersom ein stopper opp for å sjå. I det daglige, på veg til neste avtale, gjer me ikkje det. Då går me med raske skritt i gangane, side om side med fiskestimen, og ser dei berre i augekroken. Med skritta våre animerer me makrellen slik at han ikkje står i ro men glir bortetter langs veggane, saman med oss – det er som me gir kvarandre fart.

 

Simen Langeland – World-bearing turtle 

Simen Langeland – World-bearing turtle Ei trapp opp, plassert i nordre fløy av fjerde etasje, finn eg verket til Simen Langeland. Eg førestiller meg at det er fort gjort å bli sein til timen, dersom ein må passera den fargerike, detaljspekka teikninga hans på vei til klasserommet. Detaljriksdommen i seg sjølv er fengslande, men det som gjer at me blir ståande, er tolkingsmogelegheitene som byr seg. Abeidet til Langeland er bygd opp av ei rekke figurative element, som han har teikna med tusj og fargelagt med akrylmaling, tynna ut for å få til uttrykket han vanlegvis skapar med pennesplitt og akvarell på papir. I denne komposisjonen av bygningar, dyr, men først og fremst menneske, har nært sagt kvart einaste av elementa symbolverdi.

Det finst ein hovudstruktur i mylderet av figurar: I venstre del av teikninga ser me ei diger skilpadde, som blir leia fram av ei superkvinne på rulleskøyter. Skilpadda, som er eit symbol på verda blant anna i kinesisk mytologi, ber i dette verket eit markant vestleg samfunn som skalet sitt. På toppen tronar ein miniatyr av Amalie Skram vgs. Den synes å symbolisere eit mellombels hovudsete i verda til elevane på skulen. Eit følgje kjem gåande i straum frå høgre, mot skilpadda. Nokre av dei forsøker å klatre opp på ho, men der oppe står det ein vakt i uniform og lyser med lommelykt, medan han gjer ein avvisande gest. I tillegg til denne overordna historia finn me ei mengde mindre narrativ i teikninga, som alle fortel noko om verda vi lever i i dag – slik Langeland ser den. Nokre er tydelege og nokre subtile. Dei kjem til syne gjennom symbol me kjenner att frå vår eigen tid og kultur, men også/òg gjennom historiske referansar, særleg frå det antikke Hellas. Ofte kombinerer Langeland dei historiske og nåtidige symbola, som når han teiknar ein Rosetta-stein av vår tid, dekka av Facebook-logoen. Kva for referansar kvar enkelt forbipasserande tar, avheng sjølvsagt av kva ein har med seg av kunnskap frå før – eventuelt kor langt ein har kome i pensum.

Når eg snakkar med Langeland, kan han fortelje om arbeidsprosessen at fleire av elevane engasjerte seg i teikninga undervegs. Dei stoppa opp for å prate og gi tilbakemeldingar medan han teikna, og samtalane som oppsto fekk spele ei rolle i utforminga av verket.

 

Ida Neverdahl – I’m a sticky girl in a dusty world

Ida Neverdahl – I’m a sticky girl in a dusty worldI sørfløyen av fjerde etasje finn me teikninga til Ida Neverdahl. Mange av oss kjenner Neverdahl best som teikneserieskapar. Veggarbeidet ho har laga på Amalie Skram, på veggen utanføre biologirommet, er ikkje delt opp i ruter. Men me får likevel følgje ein hovudperson, ei ung jente, gjennom ei sekvens av hendingar. Akkurat kva som skjer er ikkje så lett å seie bestemt, for det er ikkje ei logisk verd denne jenta forsvinn inn i. Det heile startar heilt til venstre i veggteikninga, i ei storbynatt. Frå ei masse av høghus, nattdyr og stjernehimmel kjem det ei opning til syne, ein mørk tunnel. Det er som om nokon har tatt tak i landskapet og løfta opp ein flik av det, slik at det kjem til syne ein mellombels inngang. Denne vegen tar jenta fatt, og slynges ut på andre sida av tunnelen, inn i ei verd av nye fargar og former. Her rår naturen, og kjenslene. Og teikninga dreg oss tettare til seg, plantene veks seg store rundt jenta. Det er som at ho ikkje lenger registrerer så mykje av det som skjer rundt henne, berre det som hender heilt nærme, eller inne i hennar eigen kropp og sinn. Ei liane, ei rot eller ein tarm snor seg mot høgre gjennom eit ferskenfarga villniss, før ein alrune-aktig skapning klipper den over med ei saks, rett over ein vidopen krokodillekjeft. Me, eller jenta, fell ned i den opne kjeften og ut att på innsida av ein kropp. Hennar eigen? Der møter ho både store organ – mellom anna eit gråtande hjarte som svelger ned raude og kvite blodceller – og bestanddelar ned på atomnivå.

Denne rørsla innover i seg sjølv kan tolkast som ein kommentar til, eller snarare ei korrigering av, det kroppsfokuset mange kjenner på i kvardagen. Veggteikninga til Neverdahl minner oss om kor mykje utruleg som til ei kvar tid hender på innsida av utsida vår. Ho gjer det på ein bakgrunn av dus, godterifarga akrylmaling, med konturlinjer i svart tusj, og faktisk ein dæsj glitter på toppen òg.

Også i veggteikninga til Ida Neverdahl har det funne stad ein form for interaksjon mellom kunstnar og skuleelevar. I høgre hjørne av arbeidet er det teikna inn ein svart spøkjelsesliknande figur – Hufsa? Under det svarte spøkelset kan ein så vidt skimte konturane av ei hasj-plante, som ein elev har drista seg til å føre på teikninga før den var ferdig. Som eit slags motsvar teikna Neverdahl først inn ein røykande hund med solbriller, ved sida av planta. Sidan kom Hufsa til, som ein slags dekkoperasjon. Ho er framleis å sjå, side om side med den røykande hunden, som ein digresjon i utkanten av det verkelege innhaldet i teikninga.

 

Herman Mbamba – Utan tittel

Herman Mbamba – Utan tittelDet mest fargesterke av dei sju veggarbeida på Amalie Skram er definitivt det Herman Mbamba har laga. Det slår mot meg med ein gong eg kjem opp trappa til femte etasje, men eg har faktisk også/òg sett det frå utsida av skulen, for det er plassert framføre eit belte av store vindauge, og arbeidet er digert: omlag tolv meter bredt og tre meter høgt. Frå avstand kan det likna eit tett og travelt bylandskap, komponert av abstrakte fargefelt i grønt, raudt, gult, svart og blåfargar som korresponderer med utsida av skulebygget. Men når eg står inne, i korridoren kor arbeidet er malt opp, ser eg at det trer fram ulike karakterar frå fargefelta. Dei held på med kvar sine aktivitetar: Ei blond jente med hestehale står på skateboard, ein fyr med briller og afro på rulleskøyter, ein person med brunt, krøllete hår stikk ut tunga og kikkar med store auge etter ei bok som flyg av garde. Kvar karakter har sitt særpreg, men det som går att hos mange av dei er at dei bærer masker. Somme ser ut som Turtles- eller Zorro-aktige augebind, andre minner meir om tradisjonelle afrikanske masker. 

Mbamba er den einaste av dei sju kunstnarane som ikkje sjølv er basert i Bergen. Han held til i Haugesund, men er for tida ein særs internasjonal aktør – han er ein av dei som blei vald ut til å stille ut under den mykje omtalte Berlin-biennalen i 2018. Norsk-namibiske Mbamba har med seg impulsar frå både Vesten og det sørvestlege Afrika i arbeidet sitt. Dei tydelege svarte konturlinjene, dei geometriske, abstraherte figurane, det utflata, fragmenterte bilderommet, dei sterke fargane og ikkje minst maskene – alt dette sender tankane til grafisk kunst frå Namibia, så vel som til den kubistiske rørsla i Europa på byrjinga av 1900-tallet, som var sterkt inspirert av afrikansk kunst – og dessutan til ekspresjonismen som kubismen sprang ut frå.

 

Susanna Kajermo Törner - Papaver

Susanna Kajermo Törner - PapaverI same etasje som Mbamba sitt verk, finne me den langt meir diskrete veggteikninga til Susanna Kajermo Törner. Den kvite veggen erstattar det kvite papiret som arbeida hennar vanlegvis får folda seg ut på. Og blyanten, den faste teiknereiskapen hennar, må for ein gongs skuld vike for den meir bestandige akryltusjen. Men sjølv frå den lokkar ho fram ei rekke blygrå nyansar, frå det heilt lyse til det nesten svarte.

Teikninga Kajermo Törner har laga på veggen like ved undervisningsrom 519, er av ein mann som ligg flatt på sida. Han kan sjå ut til å ha svima av, eller det som verre er. Han har falle om med brillene i handa, og kring han ligg det strødd bøker om botanikk. Det underlegaste er likevel at ut frå kroppen hans veks det valmuer – papaver på latin. Kronblada deira tronar øvst i teikninga og dreg blikket vår mot seg, dei er malt med ein lysande raudfarge som nærast lyftar seg frå veggen. Og det er jo ofte slik med planter at det er toppen me ser først, stilken og blada. Rota tenkjer me mindre på, sjølv om det er den som ankrar blomen i jorda og gir han næring. Er det så ein forskar me ser liggande på bakken, ein av dei me ikkje kjenner andletet til, men som har kultivert fram deler av den kunnskapen me les om i skulebøker i dag? Eller er det kanskje ein som har lest seg i søvn, og som no drøymer om den botaniske verda han akkurat har studert.

Denne detaljerte, figurative skildringa av eit imaginært tablå er karakteristisk for Kajermo Törner. I teikningane hennar, som av og til verker inspirerte av den figurative surrealismen, blir vi vitne til underlege hendingar som finn stad i ei fantasiverd eller i ein draum.

 

Åshild Kanstad Johnsen – Planleggingsdag

Susanna Kajermo Törner - PapaverI øvste etasje av skulebygningen, heilt innerst mot undervisningsrom 626, lengst vekk frå elevmylderet og støyen frå kantina, har Åshild Kanstad Johnsen plassert si veggteikning.

I den langstrakte teikninga til Åshild Kanstad Johnsen finn vi eit mylder av gjenstandar, menneske, planter og bygningar, teikna med svart akrylmaling over geometriske fargefelt. Tette skogar, fjell, og til og med eit par palmer blandar seg med stablar av oppvask, ein rotete arbeidspult og fleire overdimensjonerte portrett. Denne typen utforskande, hendingsrik teikning har så og seie blitt signaturen til Kanstad Johnsen, slik vi kjenner arbeidet hennar frå ei rekke bildebøker for born. Men det å jobbe på vegg i staden for på papir, har medført visse stilendringar. I arbeidet med å overføra skisse til vegg ved hjelp av projektor, har Kanstad Johnsen funne rom for å eksperimentere. Me ser til dømes at fleire ulike perspektiv møtast i den langstrakte teikninga. Nokre stader er det som ein vind har blåst gjennom figurane og sveipa dei skrått med seg til eine sida. Andre stader er dei snudd heilt på hovudet.

Arbeidet til Kanstad Johnsen fortel ikkje ei tydeleg historie, men heller mange små. Likevel tykkjer eg at eg ser ein tematikk. Midt i teikninga finn vi ei studie av hender som gestikulerer, eller måler opp avstandar, eller snakkar teiknspråk. ”Jo...” og ”Om...” mumlar eigarane til hendene, nølande. Fleire stader har ho malt inn folk som er i prosessen med å finna ut av noko. Slik syner ho oss kanskje at forvirring, somme tider også frustrasjon, er ein viktig del av oppvekst og utdanningsløp. Det er ikkje alt som kan fastsetjast, til dømes under ein planleggingsdag, sjølv om vi gjerne vil at det skal vere slik – ofte må vi prøve oss fram for å finne den rette forma.

Dei sju veggarbeida har kvar sin distinkte stil. Men eg merker meg at dei har fleire fellestrekk òg (evt. før «at»). Formale kvalitetar eg tenkjer på som ”unge” – det fargesterke, det figurative, det teikneserieaktige – går naturleg nok att i fleire av dei. Nesten alle er dessutan svært detaljerte, ofte spekka med ulike hendingar og karakterar.

Fleire av teikningane har motiv som ikkje er knytt til eit spesielt tidsrom eller ein bestemt stad, men nokre av dei er også tidstypiske. Det gjeld særleg arbeidet til Simen Langeland, som på mange måtar er ei skildring av vår eigen tid, av samfunnet her og no, slik det ser ut frå eit rikt land i Vesten. Men om 20 år er ikkje World-bearing turtle lenger ei blanding av historiske og nåtidige symbol – då har også det nåtidige rukke å bli historisk. Det vil seie; om ikkje ei ny skuleleiing har vedtatt ombygging innan den tid. Veggteikningar er trass alt langt mindre bestandige enn den massive, men likevel usynlege steinskulpturen utanføre min gamle skule. Og kanskje er det ein kvalitet, ein stad kor endring og utvikling ikkje berre er oppmoda til, men uunngåeleg.