Herman Mbamba: Uten tittel

Herman Mbamba
Foto: Pål Hoff og Sissel Lillebostad (prosessbildet).

Verket til Herman Mbamba kan du faktisk sjå frå utsida av skulebygget, fordi det er mala på veggen framfor ei vindaugsrekke. Frå avstand kan det likna eit tett bylandskap, men om du står nærare trer det fram ulike karakterar som er oppslukte i kvar sine aktiviteter. Mange av dei bærer masker. Nokre av desse minner om augebinda til teikneseriefigurar som Turtles og Zorro, andre liknar meir afrikanske stammemasker. Norsk-namibiske Mbamba har med segimpulsar frå både Vesten og Afrika i arbeidet sitt. Dei svarte konturlinjene, dei geometriskefigurane, det utflata bilderommet og dei sterke fargane kan sende tankane til Namibia – eller til den kubistiske rørsla i Europa på byrjinga av 1900-tallet, som var sterkt inspirert av afrikansk kunst – og dessutan til ekspresjonismen som kubismen sprang ut frå.

 

5. etasje