Simen Langeland: «World-bearing turtle»

Simen Langeland
Foto: Pål Hoff

I Simen Langeland sin tette, detaljerte komposisjon har nært sagt kvart einaste element symbolverdi. Me ser figurar me kjenner igjen frå vår eiga tid og kultur, men Langeland har også lagt inn historiske referansar, særleg frå det antikke Hellas. Ofte blander han historie med nåtid, som når han teiknar ein Rosetta-stein dekka av Facebook-logoen. Gjennom slike samansetningar skaper han ei mengde små forteljingar om verda vi lever i i dag – slik Langeland ser den. Handlinga utfoldar seg i stor grad på ryggen av ei gigantisk skilpadde.Skilpadda, som er eit symbol på verda blant anna i kinesisk mytologi, ber i dette verket eit vestleg samfunn som skalet sitt. På toppen tronar ein miniatyr av Amalie Skram vgs. Den synes å symbolisere eit midlertidig hovudsete i verda til elevane på skulen.

4. etasje