Markus Li Stensrud: Reform

Markus Li Stensrud
Foto Bjarte Bjørkum og Pål Hoff.

«Reform» av Markus Li Stensrud har to delar: eit glasvitrine med 33 miniatyrmodellar og ei webside, arkivfeber.no/reform, som viser referansar og bakgrunn for kvar av modellane. Modellane er inspirert av ei vitjing i magasina til dei tre skulene som Amalie Skram tok over for: Bergen Handelsgymnasium, Bjørgvin og Tanks.
32 av modellane representerer ulike skulefag. Den 33. modellen viser eit rom med månelandskap(!) Denne 33. modellen manglar det eine hjørnet. Der det manglande hjørnet skulle vore, passar alle dei andre 32 modellane inn. Dvs. at kvar av dei 32 modellane kunne ha vore sett inn som ein del av månerommet. Månerommet blir her ein metafor for eit klasserom. "Reform" set søkjelys på historisk medvit og kildekritikk – men også kunst, litteratur, filosofi og mytologi. Gjennom at det vert sett spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar kan "Reform" inngå i delar av undervisninga.

3. etasje