Ida Neverdahl: I am a sticky girl in a dusty world

Ida Neverdahl
Foto: Pål Hoff

Ida Neverdahl er best kjend som teikneserieskapar. Veggarbeidet ho har laga utanføre biologirommet, er ikkje delt opp i ruter, men me får likevel følge ein hovudperson, ei ung jente, gjennom ei sekvens av hendingar. Frå ein tunnel i storbyen finn ho vegen til eit indre landskap der ho først navigerer seg gjennom ein jungel av følelsar og deretter utforskarinnsida av ein kropp – sin egen? I kroppen møter ho store organ, mellom anna eit gråtande hjarte som svelger ned raude og kvite blodceller, men også bestanddelar ned på atomnivå.Denne bevegelsen innover er kanskje ein kommentar til, eller snarare ei korrigering av, det kroppsfokuset mange kjenner på i kvardagen. Teikninga til Neverdahl minner oss om kor mykje utruleg som til ei kvar tid hender innanfor utsida vår.

4. etasje