Kira Wager: Skillebekk

Kira Wager
Kira Wager Foto Pål Hoff

I underetasjen utanfor symjehallen er det tre måleri av Kira Wager med titlane «Skillebekk» 1, 2 og 3. Dei tre måleria har ulike format, eit går nærast frå golv til tak, eit er like stort men ligg horisontalt og det siste er ganske lite, nærmast eit appendiks. Saman dannar dei ein serie med utgangspunkt i same motiv. Wager har nytta foto frå eigen kvardag som førelegg for måleria. Fotografiet har ho delt opp i kvadrat og kvart kvadrat er malt ferdig før ho starta på neste. Gjennom å handsame kvart kvadrat på ulikt vis, bryt ho opp motiva og gir heilskapen variert malerisk liv og rytme.

Fotografia viser måleria slik dei opphaveleg var plasserte. Dei er seinare flytta til korridoren inn mot symjehallen.

1. etasje