Susanna Kajermo Törner: Papaver

Susanna Kajermo Törner
Foto: Pål Hoff

Teikninga til Kajermo Törner viser ein mann som har falle om. Kring han ligg det strødd bøker om botanikk. Det underlegaste er likevel at det ut frå kroppen veks valmuer – papaver på latin. Valmua er forbunde med natta og søvnen. Er det ein som har lest seg i søvn me ser, og som no drøymer om den botaniske verda han akkurat har studert? Eller kanskje er det ein forskar, og valmua som veks ut av han eit symbol på korleis han har kultivert fram deler av den kunnskapen me les om i skulebøker i dag? Her, som i mange av Kajermo Törner sine teikningar, kan ein bli minna om surrealismen; Vi blir vitne til underlege hendingar som finn stad i ei fantasiverd eller i ein drøym.

 

Susanna Kajermo Törner: Papaver (detalj), 2017 (Akryltusj)
Susanna Kajermo Törner: Papaver, 2017 (Akryltusj)
Susanna Kajermo Törner: Papaver, 2017 (Akryltusj)
Susanna Kajermo Törner: Papaver (detalj), 2017 (Akryltusj)
Susanna Kajermo Törner: Papaver, 2017 (Akryltusj)
Prosessbilde

5. etasje